Assistent/barne- og ungdomsarbeidar

Arbetsbeskrivning

På grunn av permisjonar har Brattvåg barneskule ledig vikarstillingar som assistent/fagarbeidar, med snarleg oppstart. Ei av stillingane varer fram til jul, medan den andre er for om lag eitt år med mogelegheit for forlenging. Stillinga kan delast av fleire i mindre stillingsbrøkar.
Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegium og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.

Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson.
  • Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i skulekvardagen deira og på SFO.
  • Bidra til at kvart enkelt barn opplever positiv oppfølging.
  • Ha god fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Ha gode relasjonelle eigenskapar
  • Søkarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjar bør har fleirspråkleg kompetanse td. ukrainsk.
  • Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
  • Ønskeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar. 
  • Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på kvart enkelt barn og grupper.
  • Ha god fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell.
  • Gode omsorgsevner
  • Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
  • Du må vere løysingsorientert, punktleg, påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må trivast både med ute- og inneaktivitetar.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar.
  • Opplæring vil bli gitt.
  • Stillingane kan bli forlenga.
  • Løn ifølge tariff.
  • Pensjonsordning gjennom KLP.

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, [email protected]

Arbeidsstad

Skulesvingen
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5160950093
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 18.12.2026
Søknadsfrist: 28.08.2026