Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?
Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.
I avdelinga vår har vi ledig fast stilling som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund.
Vi kan også tilby vikariat med minimum 6 månader lengde dersom det er aktuelt.
Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett. Vi legg til rette for fagleg fordjuping og jobbar kontinuerleg med utvikling av pasienttilbodet vårt. Vi har tatt i bruk kunstig intelligens som støtteverkty for behandlarar og har stort fokus på digitalisering.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon i Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i.
Vi samarbeider med heile regionen om å tilby ei LIS-utdanning med høg kvalitet, og du vil delta i både lokal og regional LIS-utdanning. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsløpet.
Arbeidsstad er i ein av dei fire byane i vakre Møre og Romsdal fylke, med flott natur og eit rikt kulturliv.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.