Strategisk planlegging - kollektivtilbod

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet vårt til dei reisande og å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i mobilitetssystemet er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i
mobilitetssystemet.

Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du inngå i eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre er mellom anna å utarbeide langsiktige planar for tilbodet, å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, og å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evnar å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland. Vi treng no ein vikar for det neste året.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med

  • analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod
  • strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø
  • dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar
  • intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.

Du vil løyse oppgåvene i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.

I tillegg er det fint om du har

  • erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging
  • god forståing for prosessleiing og interessehandtering
  • kunnskap om kva moglegheiter ny teknologi kan gi oss
  • kjennskap til vestlandsregionen 
  • kjennskap til offentleg forvalting.

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som

  • vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by
  • er nysgjerrig og arbeider faktabasert og analytisk
  • har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat
  • trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap
  • bidrar til det gode arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. Arbeidsstaden din vil vere i Vestlandshuset i Bergen sentrum.

I tillegg tilbyr vi:

  • Moglegheit til å utvikle deg fagleg
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, [email protected]
Maren Nordby Fremstad, konstituert faggruppeleiar tilbodsutvikling, 47679488, [email protected]

Arbeidsstad

Lars Hilles Gate 22
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151399666
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.08.2026