Furuly barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Ådland i eit roleg boligområde. Barnehagen har fine turområde, med kort veg til både skog, vatn og sjø.
Me har ledig fast 34% stilling for barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.11.2026
Stillinga kan verta auka til 100% frå 01.01.27.
Arbeid- og ansvarsområde:
Du vert ein del av barnehagen sin organisasjon, som består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar, assistentar, og styrar. Som fagarbeidar/assistent vil du få medansvar for leiing av den avdelinga/barnegruppe du skal høyre til, i tett samarbeid med tilhøyrande pedagog og assistent/fagarbeidar. Samstundes må du ha evne til å sjå heilskapen, og barnehagen samla, som ein organisasjon. Du skal bidra til å sikra god kvalitet på den daglege drifta, og organiseringa av barnehagen. Og bidra til at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.
Kvalifikasjonskrav:
• Fullført fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Personlege eigenskapar:
• tek imot rettleiing, og kan gjer seg nytte av denne
• er lojal
• er omstillingsdyktig
• har høg grad av samarbeidsevne
• er løysningsorientert
• er fleksibel
• er positiv og initiativrik
• har stor arbeidskapasitet
• har høg arbeidsmoral
Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, og i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Politiattest
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor oppvekst og utdanning. ref. Lov:
Opplæringslova § 17-11, jf. opplæringsforskrifta §§ 12-15, 12-16 og 12-18 og Politiregisterlova § 39, 1. ledd.
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
Godt arbeidsmiljø
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.