Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst til å arbeide innan ein spennande spesialitet og samstundes ha ei gunstig vaktordning? Då må du søkje denne stillinga!
Vi har ledig svangerskapsvikariat som lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering, med oppstart 26.10.2026 eller etter avtale. Det kan også bli ledig andre vikariat.
Stillinga er ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen omfattar ein sengepost med 20 senger, i tillegg til 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod om døgnopphald, er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsetjingar som følgje av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraume eller amputasjonar.
Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innlegging for desse pasientgruppene. I tillegg omfattar seksjonen poliklinikk for fysikalsk medisin, inkludert HelseIArbeid-poliklinikken.
Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både på sengeposten og i poliklinikken. Legegruppa er ung og framoverlent, og bidreg aktivt til fagutvikling og utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møteplassar både på og utanfor arbeidsplassen.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk arbeid
- Sengepostarbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
- LIS har for tida vakt kvar 5. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00. Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
- Vaktfri på raude dagar i jul og påske
- Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
- Internundervisning og fagutvikling
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, 70105741,
[email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5165050925
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.09.2026