Ørsta kommune har, frå dags dato, ledig 80 % vikariat som assistent eller barne- og ungdomsarbeidar i Vartdal barnehage.
Ørsta kommune har 6 kommunale barnehagar som er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Vartdal barnehage er ein treavdelings barnehage og ligg fint plassert med kort avstand til fjord, fjell og skog. Den har også eit stort og innhaldsrikt uteområde og har kort avstand til Vartdal skule.
Barnehagane i Ørsta arbeider ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale, og har ut frå desse stikkorda utarbeidd felles standard for barnehagane. Dei tilsette arbeider for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for borna i barnehagane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at ein blir tilsett i heile stillingar.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 1
Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6572 - Assistent
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.