Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!

Arbetsbeskrivning

Har du vurdert Ă„ spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri?đŸŒ»

Dersom ikkje, bÞr du hÞyre kva Malin fortel om jobben som lege pÄ BUP Haugesund: 

"Eg elskar jobben min! Det er fantastisk Ä jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for Ä leike, herje, tulle og tÞyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for Ä kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljÞ i sÊrklasse som gjer at eg gler meg til Ä gÄ pÄ jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet nÄr eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!"

Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frĂ„ 0–18 Ă„r og bestĂ„r av to poliklinikkar og ein dĂžgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan dĂžgnposten har heile Helse Fonna som opptaksomrĂ„de. DĂžgnposten er delt inn i to flĂžyer: Post Nord for barn frĂ„ 6 til 13 Ă„r og Post SĂžr for ungdom frĂ„ 12 til 18 Ă„r. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste dĂžgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP

Hos oss i BUP blir du sett, stÞtta og gitt rom til Ä utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt pÄ at du skal bli tatt godt vare pÄ, bÄde som fagperson og kollega. For tida er vi Ätte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljÞ med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretÊrar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med bÄde vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg Ä ta heile spesialiseringslÞpet her i Haugesund.

Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne pĂ„ telefon eller e‑post. 👉 SĂžk no - vi ser fram til Ă„ hĂžyre frĂ„ deg!


Kva gÄr jobben ut pÄ?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Kontakt med fĂžresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • MĂ„ ha dokumentert norsk autorisasjon som lege. 
  • GjennomfĂžrt LIS1 ved oppstart av stillinga.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nĂždvendige for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • likar Ă„ jobbe med barn, ungdom og fĂžresette
  • er nysgjerrig pĂ„ menneske, relasjonar og psykisk helse
  • har pĂ„gangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
  • arbeider strukturert og spĂžr om rĂ„d eller stĂžtte nĂ„r du treng det

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss blir du sett, stÞtta og gitt rom til Ä utvikle deg. Vi legg stor vekt pÄ at du skal bli tatt godt vare pÄ, bÄde som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljÞ med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretÊrar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her fÄr du tett oppfÞlging og brei erfaring frÄ eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.

Andre gode grunnar til Ă„ velje oss:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
  • Kompetanseheving og spesialiseringslĂžp.
  • Eit godt fagmiljĂž og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim pĂ„ huset.

 

Vi oppfordrar alle sÞkarar til Ä nytte VitnemÄlsportalen for Ä laste opp verifiserte vitnemÄl og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frÄ utlandet, legg ved godkjenning frÄ Direktoratet for hÞgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, [email protected]

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

NĂžkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5167287852
Stillingsprosent: 100%
Fast
SĂžknadsfrist: 04.09.2026