Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer ein serviceinnstilt kommunikasjonsrådgjevar som vil vere med på å løfte fram studietilboda innan teknisk-naturvitskaplege fag og inspirere studentar. Du får ei sentral rolle i arbeidet med innhald og kommunikasjon i ulike kanalar, retta mot potensielle studentar og andre relevante målgrupper.
Stillinga passar for deg som trivst med ein variert kommunikasjonskvardag, har eit godt blikk for kva som fungerer i digitale kanalar, og likar å omsetje informasjon til tydeleg og engasjerande kommunikasjon. Du vil arbeide tett med instituttleiarar, studentorganisasjonar og linjeforeiningar.
Ein viktig del av jobben er å ta initiativ og drive arbeidet framover. Vi ser etter deg som ser moglegheiter, kjem med idear og utfordrar oss til å kommunisere betre og tenkje nytt. Du vil få stor tillit og gode moglegheiter til å forme arbeidet ditt.
Du blir ein del av fakultetsadministrasjonen, som består av ti medarbeidarar. Samstundes blir du ein del av UiS sitt større fagmiljø for kommunikasjon og samfunnskontakt. Her deltek du mellom anna i faste kommunikasjonsfaglege samlingar og i samarbeid om studentrekruttering på tvers av universitetet.
Du må ha:
Vidare blir det lagt vekt på at du:
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og røynsler, kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar. På UiS er me opptekne av å visa respekt for ulikskapane våre, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Me tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å verta vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert.
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 100 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser
korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.