No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega!
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Om stillingane
Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:
Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering
Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her