Spennande moglegheit for nyutdanna jurist innan lov- og forskriftsarbeid i kunnskapssektoren

Arbetsbeskrivning

Om stillinga og avdelinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig ei fast stilling som førstekonsulent i juridisk avdeling. Stillinga gir moglegheit for å arbeide mellom anna med lov- og forskriftsutvikling i eit sterkt nasjonalt fagmiljø. Kontorstaden er i Bergen, og stillinga er ledig frå 01. Januar 2027.

Avdeling for juridiske tenester har i dag 23 medarbeidarar, fordelt på kontorstadene våre i Bergen, Trondheim og Oslo. Vi yter juridisk rådgjeving og bistand til Kunnskapsdepartementet, kunnskapssektoren nasjonalt og internt i organisasjonen. Avdelingen har også ansvaret for offentlege anskaffingar og sekretariatet for Felles klagenemnd, i tillegg til strategisk utvikling innafor det juridiske fagområdet.

Er du nyutdanna jurist med gode resultat og ønskjer å arbeide mellom anna med lov- og forskriftsarbeid, kan dette vere jobben for deg. Har du i tillegg erfaring og kompetanse frå fagområdet eller våre andre juridiske områder, er vi særleg interesserte. Hos oss får du god opplæring, spannande oppgåver og mogelegheit for fagleg og personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø.


Sentrale oppgåver i stillinga vil vere

  • Medverke til koordinering av lov-, forskrifts- og høringsarbeid, mellom anna delta i arbeidet med å etablere eit nytt regelverk for samordnet masteropptak 
  • Utarbeide innstillinger til vedtak i Felles klagenemnd i saker etter universitets- og høgskoleloven
  • Behandle spørsmål knytta til anskaffingar, innsyn, vedtak og klagesakshandsaming
  • Utgreie ulike juridiske problemstillingar innanfor heile HK-dirs ansvarsområde, med særleg vekt på forvaltingsrett og EU/EØS-rett
  • Andre oppgåver etter behov innafor heile ansvarsområdet til juridisk avdeling

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Norsk master i rettsvitskap, med gode resultat. Kandidatar som leverer masteroppgåva hausten 2026, er også velkomne til å søkje
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante verktøy, til dømes Teams, Office og Adobe Pro
     

Det er i tillegg ein fordel om du har:

  • erfaring frå lov- og forskriftsarbeid
  • erfaring frå kunnskapssektoren, særleg innan opptak 
  • erfaring frå arbeid i nemder
  • fagleg fordjuping eller erfaring innan eitt eller fleire av følgjande områder: EU/EØS-rett, anskaffingar, statsstøtte, personvern, kontraktsrett eller forvaltingsrett.

Vi ønskjer at du:

  • trivst i samarbeid med andre og kommuniserer godt
  • arbeider strukturert, effektivt og sjølvstendig
  • planlegg godt og prioriterer oppgåver for å sikre framdrift i arbeidet
  • tar initiativ og er omstillingsdyktig
  • er analytisk og liker å finne gode løysingar i utviklings- og forbetringsarbeid

Hos oss får du:

  • spennande og samfunnsnyttig arbeid i eit sterkt juridisk fagmiljø
  • moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • fleksibel arbeidstidsordning og mogelegheit for å jobbe heimefrå delar av arbeidstida
  • mogelegheit for trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
  • moglegheit for mobiltelefonordning
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar

Lønsvilkår

  • lønsplassering etter kompetanse som førstekonsulent, med ei årsløn mellom kr. 580 000 - 650 000
  • to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. 


Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand. 


Søknad og CV

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen. 


Kontaktperson

Namn: Svenn Wold Gaulen (avdelingsdirektør)

e-post: [email protected]

telefon: +47 936 30 952