Som driftsteknikar vil du få ansvar for drift av ikkje-museale bygg- og uteområder ved De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum.
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste musea i landet, og ligg på Vestrheim i Sogndal kommune. Publikumstilbodet der omfattar utstillingar, arrangement, naturhistoriske formidlingsløyper og omvisingar. I hovudbygget har vi museumsbutikk og kafe.
Sogn Fjordmuseum ligg ved Amlabukti (Kaupanger) i Sogndal kommune, og høyrer til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Der formidlar vi fjordkulturen, og har ei flott samling gamle båtar og maritime gjenstandar frå Sogn.
Som driftsteknikar vil du i hovudsak ha ansvar for driftsoppgåver på museumsarena De Heibergske samlingar - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum. Dagleg arbeidsstad vil vere ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Vestrheim.
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere:
Stillinga er plassert i avdeling "Økonomi, administrasjon og drift", som har ansvar for stabs- og støttetjenestar i MiSF. Som driftsteknikar vil du difor også kunne bidra til å løyse oppgåver i MiSF innanfor avdelinga sitt ansvarsområde. Du vil tilhøyre driftsseksjonen med fagkollegaer på andre museum, samt ha eit tverrfagleg kollegium på dagleg arbeidsstad ved DHS-Sogn Folkemuseum.
Stillinga vil medføre noko reising mellom fysiske anlegg. Varierte arbeidsforhold med både inne- og utearbeid. Også noko varierande mtp sesong.
Vi søkjer deg som har:
Det er ønskeleg, men ikkje nødvendig med:
Vi søkjer deg som:
Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av med høg kompetanse og stort engasjement.
MiSF tilbyr fleksible arbeidstidsordningar, og offentleg tenestepensjon via KLP.
Stillinga som driftsteknikar blir løna etter avtale, og har stillingskode 1136 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).
Søknadsfrist 04.09.2026
Vi har behov for nokon som kan starte snarleg. Varigheit på vikariat er frå snarleg oppstart og fram til 30.06.2027, med moglegheit for forlenging.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
VI tek kun imot søknader via lenka i denne annonsa og ikkje på e-post eller brev-form.
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Steven Johnsen, Driftssjef på tlf. 47 17 87 67.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller [email protected] kvardagar mellom 08:00-16:00.