Vil du utgjere ein forskjell for barn og unge? Bli helsesjukepleiar i Vindafjord kommune!

Arbetsbeskrivning

Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter!

Vindafjord kommune søkjer ein dyktig og engasjert helsesjukepleiar i 100 % toårig vikariat. Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag, med høve til å arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Stillinga er ledig frå 14.09.2026.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
  • Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar.
  • Vaksinering.
  • Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge.
  • Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar.
  • Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år kan bli aktuelt på sikt.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Helsesjukepleiar som arbeider på helsestasjonen og som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning eller master i helsesjukepleie.
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Det er ynskeleg med:

  • Erfaring som helsesjukepleiar.
  • Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro.
  • Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for skulehelsetjenesta.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar.
  • Målretta og fagleg engasjert.
  • Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper.
  • Fleksibel og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her