Landbrukskontoret Ørsta Volda har frå 01.11.2026 ledig stilling som skogbruksansvarleg. Vi søkjer deg som ønsker å jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollegaer i eit miljø med høg kompetanse og fokus på samarbeid og utvikling .
Landbrukskontoret har ansvaret for den kommunale landbruksforvaltninga i Ørsta og Volda kommunar. Kontoret er organisatorisk lagt til Ørsta kommune som vertskommune under kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk.
Ved kontoret, som er lokalisert på Ørsta rådhus, er det ca. 5 årsverk fordelt på 6 tilsette. Tenesteleiar er leiar for kontoret.
Ørsta og Volda er store landbrukskommunar med f.t. 330 landbruksføretak som driv aktivt jordbruk, og med stor aktivitet innafor skogbruk.
Justeringar og endringar innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi ynskjer at du er:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.