Assistent barnehage

Arbetsbeskrivning

Vi har behov for tilkallingsvikarar i Bergetippen barnehage i Julsundet. Trivest du saman med barn, har god evne til tilknyting, er ein engasjert og god medarbeidar som kan spele på lag med barn og tilsette?

Då er du den vikaren vi ønsker oss.

Arbeidsoppgåver: 

  • Vere eit aktivt og positivt forbilete
  • Leike og være i aktivitet saman med barn
  • God kommunikasjon, dialog og samarbeid med barn, kollegaer og foreldre

 Dine kvalifikasjonar: 

  • Du er trygg i rolla som omsorgsperson
  • Du er fleksibel, engasjert og fokusert
  • Du kan ta initiativ og har godt humør
  • Erfaring og praksis frå arbeid med barn er ønskeleg, men vi gir deg opplæring

 

Politiattest må leverast før tiltreding. 

 

Vi tilbyr:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til å vere aktiv og kreativ i kvardagen
  • Lønn etter tariff

 

Søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema. Søknader vert handsama så snart dei kjem inn.

 

Kontakt:  

Tobias Barlaup Krogsæter, styrar Bergetippen barnehage, Tlf. 93218276

Monica Helseth assisterande styrar, Bergetippen barnehage tlf. 46913173


Link til søknadsskjema: Søk her