Bioingeniør - vikariat 

Arbetsbeskrivning

Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø, og er ein viktig samarbeidspartnar for forsking ved sjukehuset. Seksjonen består av ni engasjerte medarbeidarar, og vi søker no etter ein vikar i samband med svangerskapspermisjon. 

Biobank Haukeland spelar ei sentral rolle i forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Vi disponerer moderne og avansert utstyr for biobanking, og samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken for å tilby heilskaplege løysingar innan forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Vi har eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge.

Målet vårt er å sikre høg kvalitet på forskingsprøvar og analysar gjennom rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og trygg lagring av biologisk materiale. 

Vi ser etter deg som er engasjert, strukturert og løysningsorientert. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, arbeider sjølvstendig og tek ansvar, samtidig som du er ein god lagspelar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der kvalitet, samarbeid og service står i sentrum. Du blir ein del av eit team som legg til rette for viktig forsking og kunnskapsutvikling til nytte for pasientar og helsetenesta.   


Arbeidsoppgåver

  • Delta i den daglege drifta og bidra til praktisk gjennomføring av forskingsprosjekt
  • Delta i blodprøvetaking av pasientar og deltakarar i forskingsprosjekt
  • Prosessere og handtere biologisk materiale i tråd med krav og prosedyrar i forskingsprosjekt og kliniske studiar
  • Betene robot for automatisert prøvefordeling
  • Setje seg inn i forskingsprotokollar og halde seg oppdatert på gjeldande prosedyrar, retningslinjer og kvalitetskrav
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Erfaring frå preanalytisk arbeid er ønskeleg
  • God munnleg munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit dynamisk arbeidsmiljø og handterer fleire oppgåver samtidig 
  • Du er fleksibel og taklar periodar med høgt arbeidstempo på ein god måte
  • Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og løysingsorientert i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar
  • Du er strukturert, punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og som del av eit team
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stillinga er ei dagstilling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ann Cathrine Kroksveen, Seksjonsleiar, 55975855, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5163392497
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026