100% fast barnehagelærar Nørve barnehage

Arbetsbeskrivning

100 % fast stilling som barnehagelærar ved Nørve barnehage frå dags dato.

Nørve barnehage ligg sentralt i midtre bydel, med kort veg både til byfjellet og fjøra. Dette gir oss unike moglegheiter til å vere mykje ute på tur.
Språk og leik er viktige satsingsområder, og vi har også eigne mål for alle kvardagsaktivitetar. Barnehagen har lyse og trivelege lokale, samt eit variert uteområde med mellom anna grillhytte og akebakke. Hos oss møter du små og aldersdelte barnegrupper og eit engasjert, stabilt personale som brenn for å kombinere leik, omsorg og læring. Vi har eit godt arbeidsmiljø og fornøgde foreldre – på Nørve trivst både små og store! 


Arbeidsoppgåver

  • Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.
  • Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa, og innanfor dei områda ein blir satt til.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • God IT-kunnskap og forståing.  
  • God samarbeidsevne
  • Godkjent politiattest av nyare dato må framvisast før oppstart i stillinga.
  • På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke 
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
  • Menn oppfordrast til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter

  • ein open, engasjert og modig pedagog som kan vere med å vidareutvikle Nørve barnehage som ein lærande organisasjon
  • har solid kunnskap om barns utvikling og behov
  • er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
  • evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
  • har gode samarbeidsevne og kommunikasjonsferdigheter og er ein lagspelar
  • trivast i ein aktiv kvardag med barn, og takle stress og høgt arbeidspress i periodar
  • er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre 
  • er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • vere open for å jobbe både på småbarn og storbarnsavdeling
  • kan arbeide sjølvstendig med  pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehager
  • evner å bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • personlege egenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit utviklande, allsidig  og lærande miljø i ein barnehage nært naturen.
  • Barnehagen deltek i eit pedagogisk utviklingsarbeid ilag med andre kommunale og private barnehagar i Ålesund kommune
  • God pensjonsordning og løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, [email protected]

Arbeidsstad

Bøgata 39
6008 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5170214831
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026