Allsidig gardsarbeidar - inntil 100 % fast stilling

Arbetsbeskrivning

Me søkjer ein praktisk, sjølvstendig og påliteleg person til variert arbeid på gard og eigedom

Hva vi ser etter

Me ønskjer at du

• Har førarkort klasse B, BE og T

• Har praktisk sans og gjerne erfaring med mekanisk arbeid, landbruk, bygg eller anlegg

• Er ansvarsbevisst og løysingsorientert

Erfaring er ein fordel, men rett person og innstilling tel mest

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

• Vanleg gardsarbeid og arbeid i fjøs

• Vedlikehald og reparasjon av maskiner og utstyr • Vedlikehald av driftsbygningar og utleigebustader

• Gjerdearbeid og rydding av beite • Jordarbeid og køyring med traktor og maskiner

• Diverse praktisk og førefallande arbeid

Arbeidet er svært variert, og me ser etter ein person som liker å ta i eit tak, ser kva som må gjerast og kan arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

Me tilbyr

• Inntil 100 % fast stilling, stillingsprosent etter avtale

• Variert arbeid med stor grad av sjølvstende

• Lønn etter avtale, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.

• Moglegheit for opplæring og relevante kurs/sertifikat, mellom anna gravemaskin og hjullastar

• Ein arbeidskvardag med stor variasjon mellom landbruk, maskiner, vedlikehald og eigedom