Fastlege 

Arbetsbeskrivning

Helsetenesta i Bykle og Valle er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar, med Bykle som vertskommune. Saman tilbyr vi eit breitt spekter av helsetenester innan fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte.

Vi har tre legekontor – i Valle, Bykle og på Hovden – med til saman fem fastlegar, to LIS1-legar og ein kommuneoverlege. På kvart legekontor har vi tre sjukepleiarar. Hos oss blir du ein del av eit godt, inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø, der vi samarbeider tett, hjelper kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Vi kan tilby eit fagleg sterkt og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, korte vegar til samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg vekt på at det skal vere både fagleg utviklande og triveleg å gå på jobb.

Du får ein variert og spennande arbeidskvardag. Det er over tre timar reiseveg til lokalsjukehuset vårt, Sørlandet sykehus Arendal, og mange problemstillingar blir derfor handterte lokalt. Det gir eit breitt fagleg spenn, stor variasjon i arbeidsoppgåvene og gode moglegheiter til å bruke og vidareutvikle kompetansen din.

Legekontora er svært godt utstyrte, mellom anna med digitalt røntgenapparat, ultralyd og laboratorium. Vi har avtale med spesialisthelsetenesta om tolking av røntgenbilete, og enkelte enkle brot blir behandla lokalt hos oss.

Fastlegelista har eit listetak på 600 pasientar. Arbeidstida på dagtid er frå kl. 08.00 til 15.30, måndag til fredag, med tid sett av til pasientoppfølging og anna nødvendig etterarbeid. Stillinga inneber også klinisk arbeid som sjukeheimslege ved Bykle sjukeheim, og kan i tillegg omfatte oppfølging av pasientar ved helsestasjonen. 

For deg som er under spesialisering, er det mogleg å gjennomføre ALIS-løp hos oss. Vi legg godt til rette for fagleg utvikling, med gode vilkår for kurs og overlegepermisjon.

Legevakta er organisert som femdelt heimevakt, og omfattar også bakvakt for LIS1-legane. På vakt disponerer legane ein eigen, godt utstyrt Land Cruiser legevaktbil. Vi har éin legevaktbil i Valle og éin på Hovden. Sjølv om avstanden til sjukehus er lang, står du ikkje åleine når det skjer noko. To ambulansar er stasjonerte i området, éin på Hovden og éin på Rysstad. På vakt har vi eit tett og godt samarbeid med ambulansetenesta, luftambulansen, brannvesenet, fjellredninga, skipatruljen og pleie- og omsorgstenestene. Det er også sjukeheim med kommunale akutte døgnplassar (ØHD) både i Bykle og Valle. Dette gir eit spennande akuttmedisinsk fagmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid rundt pasientane.

Bykle og Valle har til saman litt over 2 200 fastbuande, men som populære turistkommunar aukar folketalet betydeleg i høgsesongane. Det gir sesongvariasjon og eit spennande mangfald av pasientar og problemstillingar – og få arbeidsdagar er heilt like.

Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Som ein del av helsesamarbeidet må du òg rekne med at arbeidsstaden kan variere mellom Hovden, Bykle og Valle. Det gir deg høve til å bli godt kjend med kollegaene dine, dei ulike fagmiljøa og lokalsamfunna våre.

Ønskja oppstart så snart som råd. 


Arbeidsoppgaver

  • Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
  • Moglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
  • Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til blant anna skadehandtering 
  • Utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar
  • Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Det er ønskjeleg at søkjaren er spesialist i allmennmedisin eller har byrja på spesialisering i allmennmedisin
  • Vi ønskjer at søkjarar utan spesialisering i allmennmedisin gjennomfører spesialistutdanninga
  • Erfaring frå fastlege- og legevaktarbeid
  • Kjennskap til journalsystemet Infodoc er ønskjeleg. Opplæring vil elles bli gjeven
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • God digital kompetanse
  • Søkjarar som er kvalifiserte til å ha sjølvstendige legevakter, vil bli føretrekte

Personlege eigenskapar

  • Stor interesse og engasjement for allmennmedisin og pasientoppfølging
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, grundig og løysingsorientert, med evne til å sjå heilskapen i pasientforløpet
  • Handlekraftig, ansvarsmedviten og lojal
  • Interesse for fagutvikling, endringsarbeid og kontinuerleg forbetring
  • Systematisk og påliteleg arbeidsform
  • God klinisk vurderingsevne og tryggleik i medisinske avgjerder
  • Vilje til å dele kunnskap og erfaringar, vere open om eigne feil og lære av andre
  • Evne til å møte pasientar med respekt, forståing og tryggleik
  • Opptatt av eit godt arbeidsmiljø og bidreg aktivt til godt samarbeid og trivsel

Personlege eigenskapar vil vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Listetak på 600 pasientar, som gir gode føresetnader for kontinuitet og tett oppfølging av pasientane
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med engasjerte og erfarne legekollegaer og sjukepleiarar
  • Ein variert, spennande og fagleg utfordrande arbeidskvardag som fastlege og legevaktlege
  • Eit svært godt utstyrt legekontor med røntgen, ultralyd og laboratorium, samt eigen legevaktsbil
  • Godt samarbeid med pleie- og omsorgstenesta, andre delar av helsetenesta i kommunen, ambulansetenesta, brannvesenet, fjellredningstenesta og skipatruljen
  • Fastlønn etter avtale, og beredskapsvakter blir lønte med «Nord-Noreg-tillegget»
  • Flott natur og svært gode høve til friluftsliv året rundt
  • Nærleik til storbyliv, berre tre timars køyretur unna
  • Løpande barnehageopptak i ein flott og trygg barnehage
  • Vi er behjelpelege med å skaffe bustad

 

Andre opplysningar

  • Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimlar, fastsette i lov, forskrift og avtalar
  • Det er krav om politiattest ved tilsetjing
  • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter
  • Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju
  • Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar
  • Bykle kommune er oppteken av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje hos oss
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i ei forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateken offentlegheit, men dette må grunngjevast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom kommunen ikkje kan imøtekome ønsket, vil du bli varsla før offentleggjering
  • Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar

Kontaktinformasjon

Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege og fungerande verksemdsleiar for legekontora i Bykle og Valle, [email protected]

Arbeidssted

Sarvsvegen 31
4754 BYKLE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5171972373
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2026