Solund kommune har ledig 27% fast stilling som reinhaldar med moglegheit for utvida stilling

Arbetsbeskrivning

Arbeidsstad er på Solund sin nye flotte ungdomsskule, tysdagar og torsdagar- arbeidstida kan avklarast med leiar.

Kvalifikasjonar:

  • har relevant arbeidserfaring
  • ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar, men ikkje eit krav
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein person som er ansvarleg, sjølvstendig, lærevillig, løysingsorientert og fleksibel.

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • God pensjonsordning i KLP
  • God opplæring og oppfølging

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.

Godkjent politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Link til søknadsskjema: Søk her