Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling

Arbetsbeskrivning

Vil du bidra til å skape eit trygt, reint og triveleg miljø for barn og unge?

Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling

Hildre Montessoriskule er ein privatskule frå 1.--10. trinn med lærelystne elevar og engasjerte tilsette. Skulen er samlokalisert med Hildre barnehage, og vi ønskjer no å styrkje arbeidet med reinhald gjennom tilsetjing av ein dyktig og påliteleg reinhaldar.

Vi søkjer deg som likar orden og kvalitet, arbeider sjølvstendig og ønskjer å vere ein viktig bidragsytar til eit godt lærings- og oppvekstmiljø.

Om stillinga

50 % fast stilling som reinhaldar

Stillinga omfattar reinhald av både Hildre Montessoriskule og Hildre Montessoribarnehage. Arbeidet blir i hovudsak utført etter at elevar og barn har gått heim for dagen.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald av skule- og barnehagelokale

  • Periodisk reinhald og hovudreinhald

  • Følgje opp reinhaldsplanar og rutinar

  • Bidra til at bygget framstår reint, trygt og triveleg

  • Vedlikehald og oppfølging av reinhaldsutstyr

  • Reinhald ved behov på elevfrie dagar og planleggingsdagar

  • Samarbeid med leiing og tilsette om praktiske behov knytt til bygget

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reinhaldsarbeid er ønskjeleg

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Gode norskkunnskapar

  • Interesse for reinhald og kvalitetsarbeid

Vi ønskjer at du

  • er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull

  • har auge for detaljar og kvalitet

  • er påliteleg og fleksibel

  • trivst med å arbeide både åleine og saman med andre

  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

  • trivst i eit miljø der barn og unge er ein naturleg del av kvardagen

  • trivst med praktisk og fysisk arbeid, og kan utføre arbeidsoppgåver knytt til dagleg og periodisk reinhald.

  • møter oppgåver og utfordringar med ei positiv innstilling

Vi tilbyr

  • Fast stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein skule og barnehage med stort engasjement for barn og unge

  • Lønn etter avtale

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Engasjerte og positive kollegaer

Det krevjast godkjend politiattest ved tilsetjing.

For meir informasjon

Ta kontakt med:

Steffen André Kråkenes

Dagleg leiar / rektor

Telefon: 91 19 13 34

E-post: [email protected]