Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.
Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.
Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Arbeidsoppgåver
- Arkivfagleg rådgjeving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland
- Politisk saksførebuing
- Ta del i arbeidet med å realisere Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025-2029, og utøving av Vestland fylkeskommune si rolle som regionalt koordinerande organ for privatarkiv
- Initiere og følgje opp samarbeid med frivillig sektor, så vel som anna offentleg – privat samarbeid kring bevaring av arkiv og dokumentasjon frå privat sektor
- Delta i formidlings-, utviklings- og bevaringsprosjekt i fylkeskommunen
- Handsaming av publikumsførespurnader
- Synfaring, innhenting, ordning og katalogisering av arkiv
- Mediekonvertering av kjeldemateriale
- Ta del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.
Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha
- Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap med fleire
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
- God digital kompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Førarkort for personbil
Det er ein fordel om du også har
- Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren
- Erfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet
- Erfaring med prosjektarbeid
- Erfaring med offentleg sakshandsaming
- Kompetanse innan vern av digitalt skapte privatarkiv
- Sans for systematikk og gode analytiske evner
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Arbeidsstad Leikanger i attraktive nyrenoverte kontorlokale og nytt arkivbygg.
Kontaktinformasjon
Elin Storøstevik, leiar, 97653607,
[email protected]
Arbeidsstad
Askedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5174640649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026