Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune tilbyr aktivitetar til vaksne i alle aldrar. Tilboda omfattar opplæring, arbeid og andre former for dagaktivitet for menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Eininga har også ansvar for Friskliv og Frivilligsentralen i kommunen.
Vi er 43 positive og engasjerte medarbeidarar som arbeider ved fleire lokasjonar i kommunen, mellom anna på Skei, Vassenden, Sande, Naustdal og i Førde.
Stilling 1: 100 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar
Stillinga er knytt til Skei Ressurssenter, eit dagsenter for personar med funksjonsnedsetting. Arbeidsstaden er i hovudsak på Skei, men den som vert tilsett må vere fleksibel og kunne arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.
Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Stilling 2: Inntil 150 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar
Stillinga er knytt til dagsentertilbod for personar med demens og eldre i Førde og Naustdal. Stillinga kan tilpassast ønskt stillingsstorleik. Arbeidsstaden er i hovudsak i Førde og Naustdal, men det kan vere aktuelt å arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.
Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Godkjent politiattest må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!