UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantesensorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.
Prosjektet har som mål å utvikle innovative kvantesensorteknikkar ved bruk av nitrogen-vakanssenter (NV-senter) i diamant for å studere intracellulære prosessar i stressa celler. I løpet av prosjektperioden skal ein designe, bygge og optimalisere eit spesialtilpassa konfokalt kvantediamantmikroskop (QDM) for å spore NV-haldige nanodiamantar inne i celler og gjennomføre høgoppløyste eksperiment innan kvantebiosensorikk. QDM-systemet skal nyttast til å undersøkje danninga av membranlause organell og dei mekaniske eigenskapane deira, samt danninga av reaktive oksygenartar under ekstern stråling.
Dei viktigaste ansvarsområda til postdoktoren vil vere å designe og montere det konfokale mikroskopioppsettet, utvikle algoritmar for partikkelsporing, gjennomføre eksperiment innan kvantesensorikk og analysere data. I tillegg vil den tilsette ha ei sentral rolle i å utvikle og evaluere nye kvantesensormodalitetar for å vidareutvikle prosjektmåla.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Justas Zalieckas, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: [email protected], eller instituttleiar Kjetil Ullaland, e-post: [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.