Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast 100 % sjukepleiarstilling frå 01.12.26.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. Vi er opptatt av å hjelpe kvarandre og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du må derfor vere fleksibel og løysingsorientert i møte med endringar og utfordringar som er ein del av arbeidskvardagen.
I bufellesskapet på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. I dag gir vi teneste til 33 brukarar, men talet kan variere etter kven som får tilbod om bustad på Bakk-Ola-marka. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga vakt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.
Vi er ei framtidsretta teneste som kontinuerleg utviklar og tilpassar oss for å møte morgondagens behov. Gjennom årsplanlegging og god oppgåvedeling sikrar vi rett kompetanse til rett tid gjennom heile døgnet og året. Vi jobbar helgetimar etter tenestebehov.
Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.
Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte.
Justeringar og endringar innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Rekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år, er akuelt å gi til nytilsette.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkludert helgar. Langvakt er mogleg.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4. gr2. Stillinga med krav om min 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.