Arbetsbeskrivning

Åsane tannklinikk har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannlege. Oppstart snarast mogleg. 

Åsane tannklinikk har til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.


Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar, 90036717, [email protected]

Arbeidsstad

Åsane Senter 52
5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5079727190
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 20.09.2026