Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar 60% fast ved skjerma avdeling, frå d.d.
Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.
Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt?
På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode.
Hjå oss får du jobbe miljøretta, tett på bebuarar som treng tryggleik, forutsigbarheit og varme.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – der vi både tek vare på kvarandre og utfordrar kvarandre til å bli endå betre.
Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass.
Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.