Vi har ledig 100% vikariat som audiopedagog ved høyresentralen, klinikk hovud-hals, Haukeland universitetssjukehus. Lågare stilling kan Vi er opne for å tilby ein redusert stilling, t.d 50% til riktig kandidat????
Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH avdelinga, og har for øyeblikket 12 audiografar og 2 audiopedagogar. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar, sjukepleiarar og merkantile. Vi har ein svært variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar over 100år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle alderdsgrupper. Arbeidsoppgåvene blir utført på ØNH barnepoliklinikk i nye lokale i Glasblokkene, og på høyresentralen i Sentralblokka. Desse to bygga ligg tett på kvarandreå Haukelandsområdet.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utredning, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barn
- Utgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantat
- Utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoni
- Arrangere kurs, mellom anna på LMS (lærings-og meistringssenteret)
- Rådgiving og rettleiing til personar med nedsett høyrsel og høyrselsrelaterte utfordringar. Rådgiving og rettleiing til foreldre og pårørande
- Utføre leike-audiometri/VRA på barn i alderen 0-6 år saman med audiograf
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i spesialpedagogikk, fortrinnsvis fordjuping i audiologi
- Relevant erfaring innanfor høyrselsområdet kan vege opp for utdanningskrav
- Erfaring med tinnitus, hyperacusis og misofoni er ein fordel
- Kjennskap til/erfaring med CI (cochlea implantat)
- Erfaring med barn med nedsett høyrsel
- Erfaring med rettleiingsarbeid
- Gode norskkunnskapar
- Engelsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement og motivasjon – du ønsker å utvikle deg som pedagog
- Pasientfokus – møter kvar enkelt pasient med respekt, empati og god kommunikasjon
- Sterke samarbeidsevne – lyttar, formidlar og samarbeider godt med både kollegaer og pasientar
- Kommunikasjon - Du har gode formidlingsevner, og tar ordet i møte og diskusjonar
- Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass i stor utvikling, der mange yrkesgrupper samarbeider
- Høgt fagleg nivå
- Moglegheit til å bygge erfaring innanfor høyrselsrelaterte utfordringar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Gode pensjonsvillkår
- Lønn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Evenstad, Seksjonsleiar,
[email protected]
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176130897
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.07.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026