Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.
Stillingsinformasjon:
- Fast 80% stilling som helsefagarbeidar
- Stillinga inngår i turnus med langvakter 4.kvar helg
- Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande. Per no er stillinga ved sjukeheimsavdelinga
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar
- Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Link til søknadsskjema:
Søk her