Vil du vere med å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og relasjonssterk familieterapeut i eit 100 % vikariat frå november 2026 til august 2027. Stillinga er knytt til prosjektet Skreddarsaum og organisert i avdeling Familiestøtte i Eining Barn og familie.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å arbeide tett på familiar, vere ein del av eit tverrfagleg fagmiljø og bidra til utvikling av nye og fleksible tenester for barn og unge.
Om eininga
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor Oppvekst. Eininga består av seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Om prosjektet Skreddarsaum
Kvinnherad kommune har fått prosjektmidlar til prosjektet Skreddarsaum. Prosjektet har eit heilskapleg fokus på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid rundt familiar med samansette utfordringar, der barn og unge har høgt skulefråvær.
Prosjektet er ein del av familieteamet i Familiestøtte og samarbeider tett med:
PPT, Barnevern, Helsestasjon, Barnehagar, Barne- og ungdomsskular, NAV, Rus og psykisk helse, BUP og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Som familieterapeut vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og prosjektgruppa for å sikre god oppfølging av familiar og utvikle gode rutinar for prosjektet.
Arbeidsoppgåver
Som familieterapeut vil du:
Ved ledig kapasitet kan andre relevante arbeidsoppgåver bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
Det er ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit, og at du:
Det er krav om førarkort klasse B.
Me tilbyr
Det må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk.
Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!