UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan tektonikk–glasial erosjons-interaksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «ICICLE», finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse.
Hovudmålet med dette prosjektet er å forstå korleis klima, glasial(-fluvial) erosjon og tektonisk deformasjon verkar saman over geologiske tidsskalaer for å forme fjellkjeder som blir danna i osean-kontinent-subduksjonssystem, med særleg fokus på utviklinga av Andesfjella. Dette vil bli undersøkt ved hjelp av nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar. Forskinga vil omfatte:
Arbeidet vil bli utført ved Universitetet i Bergen, med moglege forskingsopphald ved Aarhus Universitet (Danmark) og ved GFZ Potsdam (Tyskland).
Stillinga er knytt til prosjektet «ICICLE», eit tverrfagleg prosjekt som har som mål å kvantifisere korleis tektonisk deformasjon, glasial–fluvial erosjon og klima verkar saman for å forme fjellkjeder på jorda, ved å integrere nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar med utvalde naturlege laboratorium. Prosjektet er leia av Dr Sebastian Wolf, i samarbeid med Prof Ritske Huismans, Prof Ann Rowan, Prof Kerim Nisancioglu (alle UiB, Noreg), Prof Vivi Pedersen (U Aarhus, Danmark), Prof Jean Braun (GFZ & U Potsdam, Tyskland), Dr Guillaume Cordonnier (INRIA, U Côte d'Azur, Frankrike), Prof Dave May (Scripps, UCSD, USA), and Dr Sean Eaves (U Wellington, NZ).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr Sebastian Wolf, Institutt for geovitenskap, [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Mathilde Høgalmen, [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.