I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for utlending og forvalting, Grenseseksjonen, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar ved avsnitt for luftgrense (SKO 0287). Grenseeksjonen er nyleg delt inn i tre avsnitt og du vil bli leiar i en seksjon i utvikling, og som har fokus på forbertring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.
Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me gjennom grensekontroll og grenseovervaking førebyggja og nedkjempa grenseoverskridande kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken.
Seksjonen har dei siste åra vekse i storleik og har fleire komplekse arbeidsoppgåver. I ein tid prega av tryggingspolitisk uro er grenseovervåking viktigare enn nokon gang.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Me ser etter ein leiar som ønskjer å være med å utvikle seksjonen, og være leiar i eit fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter og ansvar. Hos oss får du vere med på å lede framtidas arbeid innan luft- og grenseovervaking. Du vil bli ein del av ein seksjon i utvikling, som har fokus på forbetring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.