Avdelingsleiar heimebaserte tenester

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester?
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.

Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.


Arbeidsoppgåver

Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga
Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø
Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting
Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester
Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar
Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutvikling

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag
Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg
God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk
Gode digitale ferdigheiter
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
Er ein tydeleg og inkluderande leiar
Har evne til å motivere og skape engasjement
Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er løysingsorientert og utviklingsretta

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester
Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.

Kontaktinformasjon

Hannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619, [email protected]

Arbeidsstad

Treungvegen 398
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5180564865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026