Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.
Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.
Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.
Vi har no ledig følgande stillingar:
2 x 15% faste stillingar som Matvert, med arbeid kvar tredje helg.
1 X 100% stilling som Matvert, vikariat i 6 måneder med arbeid kvar tredje helg.
Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekna å arbeide i alle våre spisestuer.
Merk søknaden med kva stilling ein søker på.
Søkarer med fagbrev som kokk vil også være aktuelle.
Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse