Vil du bli bli ein del av eit kompetent fagmiljø og jobbe i eit postivt og kreativt team?
I barnehagane våre får du ein spennande og variert kvardag saman med barn med ulike språk og kulturar. Me søkjer deg som er oppteken av språkarbeid og ønskjer å bidra til inkluderande leik, fellesskap og gode vennskap mellom barna.
Leik, relasjonsarbeid, turar og språk er sentrale område som me arbeider aktivt og målretta med. Stillinga er 100 % kan bli delt mellom to barnehagar. Vikariat frå snarast til 31.07.2027.
Krav
Ønskje
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.
I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har mellom anna formingsverkstad og eit stort fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
I begge barnehagane arbeider me målretta med eit godt og inkluderande barnehage-, lærings- og leikemiljø. Me nyttar alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) for å sikra at alle barn kan delta i leik, samspel og fellesskap. Barna skal få medverka og vera med på å prega sin eigen kvardag.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»