Ønsker du å bli vår nye kollega?
Vi har ledig ei 100% fast stilling for deg med 3-årig helsefaglig/sosialfagleg utdanning. Stillinga er ledig frå 01.11.2026.
Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Vi ønske fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar inn i stillinga grunna behov for helsefagleg kompetanse, samt medisinutdeling i turnus. Det er og ønskelig med vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller andre aktuelle fagfelt.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige. Korttids døgn har 18 plassar, i tillegg til 3 brukarstyrte senger. Vi tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Noreg. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan også oppleve eit mangfald av fjordar, øyar og fjell som ventar på å begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her