Barne- og ungdomsarbeidar

Arbetsbeskrivning

Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for ekstra ressursar i skulekvardagen.

Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret.

 

Arbeidsoppgåver:

 

• Assistere elevane i og utanfor undervisningssituasjonen

• Ein- til ein oppfølging og også arbeid i grupper

• Organisere, leie og gjennomføre aktivitetar med barn i SFO

• Bidra til positivt elevmiljø


Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

 

Kvalifikasjonar:

 

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Alternativt vil søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør kunne bli vurdert

• Norskkunnskapar på minimum B1 nivå

• Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd blant barn


Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt :

 

• Særleg evne til å skape gode relasjonar

• Positivitet

• Gode kommunikasjonsevner

• Fleksibilitet

• Gode samarbeidsevner


Vi tilbyr:


• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt

• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

• Lønn etter gjeldande tariffavtale

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

 

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

 

Kvifor Høyanger?



• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

• Eit rikt lag- og organisasjonsliv

• Fokus på samskaping og samarbeid

• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her