Knappskog barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til fast 100 % stilling frå 01.11.2026.
Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram.
Visjonen vår er: "Saman skaper vi kvardagsmagi, livsglede og meistring."
No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.
Knappskog barnehage er ein kommunal barnehage med fem avdelingar og om lag 81 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, studentar og andre fagpersonar.
Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader med skog, fjøre og fjell rett utanfor døra. Barna får oppleve:
Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområder innan:
Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som:
Kontaktinformasjon
Nina Turøy, styrar
E-post: [email protected]
Telefon: 55 09 63 51
Mobil: 950 44 834
Velkomen som søkjar!
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.