Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling ("ringevikarar").
Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.
Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.
Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke.
Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre.
Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.
Hos oss får du: