Miljøveileder/miljøarbeider

Arbetsbeskrivning

Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 330 elevar og 55 tilsette. Me har 4 parallellar på 8. og 9. trinn, og 5 på 10. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.

Arbeidsoppgåver

  • Gi støtte, motivere og følge opp enkeltelevar og elevgrupper
  • Samarbeide med miljøteamet, inkluderingspedagog, lærarar, elevar og føresette
  • Delta aktivt i det profesjonsfaglege arbeidet og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning som barne- og undomsarbeidar. Bachelor i helse/sosialt arbeid, t.d vernepleiar, barneverspedagog eller sosionom er også aktuelt.
  • Det er ønskeleg med kompetanse på og erfaring med alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK), og gjerne tegn til tale 
  • Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Har god digital kompetanse
  • Det er krav om politiattest til stillinga

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Du må vera glad i og like å vera i lag med ungdom
  • Du må vera ein varm, trygg og tydeleg vaksen
  • Du må vera oppteken av at alle skal oppleva meistring og framgang både fagleg og sosialt
  • Du må ha god relasjonskompetanse
  • Du må ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Du må kunne stå trygt i utfordrande situasjonar
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar i ein kvardag prega av høgt tempo
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter

Personlege eigenskapar og erfaring vil verta særleg vektlagt i tilsettinga.  

Me tilbyr

  • Offentleg tenestepensjonsordning, KLP
  • Løn etter tariff
  • Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald
  • Flotte elevar

Kontaktinformasjon

Iselin Gjære Lothe, Rektor, 91573539, [email protected]

Arbeidsstad

Sveinsvollsvegen 5
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5181873875
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 01.06.2027
Søknadsfrist: 01.10.2026