Vi søker no ein matros som ønsker å bli ein del av mannskapet på hurtigbåtane som trafikkerer sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta).
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom familieliv og fritid.
- Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
- Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord
- Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna
- Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
- Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift
- Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane
- Fortøying
Kvalifikasjonar
- Ferdighetsertifikat som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros.
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
- Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
- Turnus: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896,
[email protected]
Arbeidssted
Strandkaien
5013 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5182162236
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026