Dekkssjef Bognes-Skarberget

Arbetsbeskrivning

Fjord1 har ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Lote. 

Attraktiv turnus: 2 veker dag, 2 veker fri, 2 veker natt og 4 veker fri.

Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.

Det er mogleg å bu om bord i arbeidsperioden.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
  • Ansvar for at fartøy driftast i samsvar med styringssystem, lover og forskrifter.
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein ansvarlig og fagleg sterk dekkssjef som kan bidra til sikker og effektiv drift av fartøyet. Du må være strukturert, ha gode lederegenskaper og et sterkt fokus på sikkerhet og kvalitet. Samarbeidsevner og evne til å handtere utfordringer er viktige eigenskaper. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Skiftordning: 2 veker dag, 2 veker fri, 2 veker natt, 4 veker fri.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innen maritim drift
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter, behandlingsordning og gode rabattordningar

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, [email protected]

Arbeidsstad


8540 Skarberget

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5181757035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026