Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Masfjorden kommune søkjer ein sjukepleiar med arbeidsstad ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter. Stillinga er ei 100 % mellombels stilling med snarast mogleg oppstart og varigheit til 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet.

Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar.


Me har ledig

100 % mellombels stilling som sjukepleiar med tiltreding 01.09.2026, eller snarast mogleg. Stillinga varer til og med 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet.

Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. 

Stillinga består av både langvakter i arbeid med tenestemottakar og arbeidsdagar med administrativt arbeid knytta til sjukepleiaransvaret.

Arbeid kvar fjerde eller sjette helg, avhengig av turnusbehov.


Arbeidsoppgåver

  • Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte 
  • Ansvarleg for medisinsk oppfylging i samråd med heimetenesta og fastlege/spesialisthelsetenesta
  • Delta i arbeidsretta tiltak 
  • Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar 
  • Tverrfagleg samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, heimetenesta mfl. 

Kvalifikasjonskrav sjukepleiar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid med funksjons- og utviklingshemma ynskjeleg
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskaper vil bli vektlagte. Menn vert oppfordra til å søkje.


Krav til personlege eigenskapar:

  • Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid 
  • Du er sjølvstendig i arbeidet 
  • Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing, og kan tilpasse deg ulike abeidsoppgåver
  • Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert 
  • Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane 

Me tilbyr

  • Løn etter tariff. 10 000,- i turnustillegg for tilsette med høgskuleutdanning
  • 50,- kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Tillegg på 500 kr pr langvakt lørdag og søndag over 12.5 timer
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar 
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

Politiattest

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3. månader.