Ledig stilling som seksjonsoverlege på seksjon for nevroradiologi

Arbetsbeskrivning

Radiologisk avdeling er ei stor, moderne og dynamisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein moderne utstyrspark. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling. Avdelinga nyttar SECTRA PACS.

Det er til ein kvar tid knytt PhD stipendiatar til avdelinga og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.

Det er for tida ledig 100% fast stilling som seksjonsoverlege på seksjon for nevroradiologi.


Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsoverlege har ei viktig rolle for den faglege utviklinga og fagleg ansvar på seksjonen. Seksjonsoverlegen har ansvar for pasientflyt, kvalitet og at organiseringa av seksjonen ivaretar forsvarleg drift
  • Planlegging av bemanning og fordeling av oppgåver på seksjonen. Planlegging av internundervisning
  • Rettleiing og opplæring av LIS, kvalitetsarbeid på seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Søkar må vere spesialist i radiologi
  • Søkar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Søkar må ha gode eigenskapar til samarbeid og organisering

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Eric Alexander Resnes, Konstituert seksjonsleiar, 55 97 09 07, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5180388759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026