Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita!

Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 2 ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk sengepost 2 vil du primært jobbe med gastrokirurgiske, gynekologiske- og plastikkpasientar. I samarbeid med Kirurgisk sengepost 1, har vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske og ortopediske diagnosar.

Vi søker etter:  

1 x 100 % fast stilling frå 01.10.26.

1 x 100 % vikariat frå 01.10.26 t.o.m. 30.10.27, med moglegheit for forlenging.

Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje.

Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!
Dersom du ønsker å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss!

Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.     


Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg, teambasert sykepleie i samspill mellom sykepleiere og helsefagarbeidere i oppfølging av kirurgiske pasientar.
  • Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi  
  • Tverrfagleg samarbeid med leger, fysioterapeuter, palliativt team og andre faggrupper  
  • Bidra til kvalitetsarbeid og faglig utvikling i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar før oppstart i stillinga
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg  
  • Det er ønskeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er: 
  • Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling  
  • Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevne 
  • Fleksibel og evne til å jobbe i team og sjølvstendig 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5182358114
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026