Hjelpemiddelteknikar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Hjelpemiddelformidlinga høyrer til ergo- og fysioterapitenesta i Sveio kommune. Me bidreg til at innbyggjarar får hjelpemiddel som kan auka meistring og gjera kvardagen enklare. Tenesta er organisert under Helse og rehabilitering, saman med mellom anna psykisk helse og rus, bu, miljø og meistring og legetenesta.

I Sveio kommune ønskjer me at alle tenestene våre skal fungera godt saman. Me vil gjera kvardagen tryggare og meir sjølvstendig for innbyggjarane våre, uansett alder eller livssituasjon.

Me har ei ledig fast stilling på 50 prosent som hjelpemiddelteknikar. Som teknikar er du ein viktig del av kvardagen til mange menneske. Du sørgjer for at hjelpemiddel og teknisk utstyr kjem på plass heime hos innbyggjarane i kommunen. Arbeidet ditt handlar om å levera, montera, henta inn, reingjera og reparera utstyr som gjer livet enklare og tryggare for dei som treng det.


Arbeidsoppgåver

  • ta imot og distribuera hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral
  • montera, levera ut og henta inn hjelpemiddel hos innbyggjarar
  • utføra enklare reparasjonar, vedlikehald og reinhald av hjelpemiddel
  • bestilla reservar og delar til hjelpemiddel ved behov
  • gje praktisk rettleiing og opplæring i bruk av hjelpemiddel når terapeut ikkje har hovudansvaret
  • ha kontakt med innbyggjarar, samarbeidspartnarar, aktuelle fagpersonar i kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral, både på telefon og i møte
  • samarbeida tett med fysioterapeutar og ergoterapeutar
  • registrera og dokumentera utført arbeid i kommunen sitt journalsystem og føra nødvendig statistikk
  • handtera tunge løft og forflytting av hjelpemiddel som ein naturleg del av arbeidet
  • rettleia og følgja opp personar i arbeidstrening, arbeidsutprøving, språktrening og liknande tiltak
  • bidra til utvikling og forbetring av tenesta

Kvalifikasjonar

  • fagbrev innan tekniske eller mekaniske fag
  • god teknisk forståing
  • gyldig førarkort klasse B og evne til å køyre bil med manuelt gir
  • god IT-kompetanse og evne til å nytte digitale verktøy
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kjennskap til tekniske hjelpemiddel er ein fordel, men ikkje eit krav
  • god fysisk form, då arbeidet inneber tunge løft
  • godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • positiv, fleksibel, trygg og løysingsorientert
  • evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • ansvarsbevisst, inkluderande og imøtekommande
  • tek initiativ og trivst med høgt arbeidstempo
  • evne til å handtere og strukturere varierte arbeidsoppgåver
  • ser og forstår verdien av godt tverrfagleg samarbeid
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og inkludering av personar i arbeidstrening
  • personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt

Vi tilbyr

  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • løn etter gjeldande lov- og avtaleverk