Tilkallingsvikar som fagarbeider/assistent i skule og SFO

Arbetsbeskrivning

Rørstadmarka skule og SFO søkjer tilkallingsvikarar for skuleåret 2026-2027, med snarleg oppstart.

 

Skulen har 229 flotte elevar som får god støtte og hjelp av omlag 40 tilsette.

Rørstadmarka skule og SFO ligg flott til i naturen på Fiskarstranda. Både skule og SFO nyttar nærmiljøet aktivt.

 

 


Arbeidsoppgåver

Rørstadmarka skule og SFO har behov for tilkallingsvikar som fagarbeider/assistent. Vi tek aktuelle kandidatar inn til samtalar, løpande.

 

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn, fortrinnsvis i skule/SFO.

Gyldig politiattest er eit krav før oppstart.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og tilsette. 


 

Vi tilbyr

Eit spennande arbeidsfelt for å styrke elevar si læring og fritid.

Kjekke barn og tilsette

Løn etter avtale 

Opplæring vil bli gitt.  

Kontaktinformasjon

Turid Olava Stokke , Inspektør , 95710201, [email protected]
Renate Myklebust Thorholm, SFO-leiar , 95710202, [email protected]
Janne Lise Dragsund Lundbø, Rektor, 95710200, [email protected]

Arbeidsstad

Rørstadmarka 77
6035 Fiskarstranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5182745372
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 01.03.2027