Vil du vere med og skape gode dagar for våre bebuarar?
Vinje sjukeheim søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, og me legg til rette for læring, samarbeid og fagleg utvikling. Helgestillinga hjå oss passar godt for deg som er student, elev eller ynskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta.
Sjukeheimen består av ein langtidsavdeling med 34 bebuarar og ei korttidsavdeling med 9 rom. Langtidsavdelinga er dela inn i tre grupper, der to av gruppene er særleg tilpassa personar med demens.
Me har helgestillingar med ulik stillingsstorleik, med arbeid kvar annan eller tredje helg, med vakter fredag til sundag, eller laurdag til sundag.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuarane
- Miljøtiltak - tilrettelegge hyggelege kvardagar for våre bebuarar.
- Praktiske oppgåver i avdelinga, som smøring av mat, oppvask, rydding o.l
- Samarbeid med bebuarar, pårørande og kollegaer
- Journalføring
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
- Søkjarar som ikkje oppfyller utdanningskravet, men som har relevant erfaring, kompetanse eller interesse kan bli vurderte etter ei heilskapleg vurdering
- Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
- Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
- Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner
- Du tar initiativ og ynskjer å lære
- Du har interesse for eldreomsorg
- Du snakkar og forstår norsk godt
- Du er stabil
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- ABC-kurs i demensomsorg og andre fagområde.
- Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer.
- Betalt matpause.
- Løn etter ansiennitet i lokal stige
- Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24,
[email protected]
Arbeidsstad
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5099751727
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 18.10.2026