Bjørnafjorden kommune er ein vekstkommune med om lag 27 000 innbyggarar. Dei komande åra skal vi utvikle nye næringsareal, vidareutvikle Osøyro og Eikelandsosen som attraktive senterområde og ta viktige grep gjennom ny kommuneplan og kommunedelplan for naturmangfald. Som arealplanleggar vil du få ei sentral rolle i utviklinga av Bjørnafjorden kommune. Du vil arbeide med både private og offentlege plansaker.
I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente og effektive for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt.
Arbeidsstad
Arbeidsstad er primært på rådhuset.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og det er ønskeleg at du har gode:
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.