Vi har ledig 100 % vikariat som jordmor med ultralydkompetanse, med moglegheit for fast tilsetjing. 30 % av stillinga er tiltenkt ordinært arbeid som jordmor i avdelinga. Dette er ei spennande og allsidig stilling.
Jordmor vil i houvdsak utføre sjølvstendige ultralydundersøkingar med 1. trimester-UL, rutine-UL i 2. trimester og seinare kontrollar av vekst, placenta, doppler etc. Vi har legar med ultralydkomptentanse, som ein vil samarbeide med ved behov. Legar utfører også nokon av dei rutinemessige ultralydane. UL-poliklinikken er lokalisert inne på fødeavdelinga.
Avdelinga vår gir tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og gynekologiske pasientar i vårt distrikt.
Seksjonen vår har omlag 450-500 fødslar årleg. Vi selekterer kvinner til fødsel hos oss utifrå gitte kriterier, og samarbeider tett med seksjonen i Ålesund.
Dersom søker har behov for særskilt tilrettelegging mtp. bustad, reise og arbeidstider ønsker vi å gå i dialog vedrørande dette. Vi er også opne for redusert stillingsbrøk ifht utlysinga.
Å vere personleg eigna vert vaktlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.