Solund kommune jaktar ein strategisk og utviklingsorientert leiar som kan vere med på å sikre gode oppvekstvilkår og eit sterkt lokalsamfunn. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og stillinga krev difor fleksibilitet. For at du skal trivast må du vere utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide på tvers av tenester og sektorar.
Som sektorleiar har du det overordna faglege ansvaret for oppvekst og kultur. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ein sentral rolle i utviklinga av kommunen.
Til stillinga ligg ansvaret som kommunal barnehage- og skuleeigar. I tillegg har du ansvaret for kulturskule, bibliotek, førebuande opplæring for vaksne, norskopplæring for vaksne innvandrarar og drift av den kommunale ungdomsklubben. PPT og barnevern er ein del av sektoren gjennom interkommunalt samarbeid.
Oppvekst- og kultur området står framfor viktige utviklings- og omstillingsprosessar. Du skal setje retning, prioritere og sørge for at tenestene utviklar seg i tråd med måla og behov. Samtidig skal du bidra til god ressursbruk, høgkvalitet og godt samarbeid mellom tenestene. Det høyrer ikkje ein eigen stab til sektoren, og du må difor vere god på å arbeide på eiga hand, samstundes som du må samarbeide godt med barnehagestyrar, rektor, kulturskulerektor og biblioteksjef.
BTI (Betre tverrfagleg innsats) er eit viktig satsingsområde i Solund. Saman med leiar for helse- og omsorgssektoren og BTI-koordinatoren utgjer du prosjektgruppa i kommunen.
Stillinga inneber mellom anna:
Organisasjonen er i endring, og ansvarsområda og oppgåver kan endre seg etter kvart.
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr
Søknad
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Offentleg søkjarliste:
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering.